Vil du gjere mest mogleg sjølv, eller ynskjer du ei ferdig løysing levert klar til bruk? Vi tilbyr både ubehandla og behandla løysingar – slik at du kan velje det som passar best for deg, når det kjem til både tidsbruk og budsjett.


KJØKKEN • Innreiing

DiHAND

GJER DET LITT EKSTRA DITT

@spesialdesign


Med DiHAND får du eit kjøkken som er teikna og bygd med same kvalitet og presisjon som eit ferdigbehandla skreddarsydd kjøkken.


Forskjellen er at du sjølv står for overflatebehandlinga.


Ved å måle, olje eller beise sjølv, sparer du kostnader på arbeid og prosess – utan å måtte fire på materialval, passform eller funksjon.


Resultatet er eit kjøkken med solid kvalitet i botn, og eit personleg uttrykk forma ekstra av

Di HAND.

KJØKKEN • Innreiing

Premium

ALT GJORT FOR DEG

@spesialdesign


Med vår Premiumlinje kan du legge heile prosessen i våre hender. Kvart kjøkken vert forma etter ditt behov, med fokus på varig kvalitet.


Vi tek ansvar for alt – frå skreddarsydd design, materialval og produksjon, til ferdig behandling og montering.


Du får heile pakken, spesialdesigna, ferdig behandla og klart til bruk, medan du kan nyte prosessen frå idé til ferdig kjøkken.

I N N I

REINT & ÆRLEG

@spesialdesign


Alle våre innreiingar og kjøkken har standard skrog i kvistfri heiltre furu: eit reint og ærleg indre. Materiale som pustar, med sjølvreinsande eigenskapar, for eit sunt inneklima.

Spesial Design • Vevring • Fjordavegen 2384 • 6817 Naustdal

© 2026 Natur & Miljøforskning DA